Skogsvirke direkte til sjø på Helgeland
I kommunane Sømna og Bindal lengst sør på Helgelandskysten står det mykje flott skog i områder som aldri vil bli tilknytta offentlege bilvegar. Dette er ei stor utfordring innan infrastrukturell planlegging i Kystskogbruket.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 24.03.2012
Fylkesmannen i Nordland hadde lagt årets skogsamling til Sømna (19-20 mars) og Fauske (21-22 mars). Mange dagsaktuelle tema var på dagsorden og presentasjonane vil bli lagt ut her seinare. Ordføraren i Sømna rosa arbeidet som var gjort med skogbruket i kommunen og saman med både næringsjef, skogbruksjef og jordbrukssjef sette han av ein heil dag for å følgje debatten. Dette vart sett pris på av deltakarane ! Heilt konkret er etablering av eit større biobrenselanlegg basert på flis fra skogen under planlegging i kommunen og dette blir det stilt store forventningar til.
Markedsjef Karin Hokstad Widerøe i Allskog held eit engasjerande innlegg, - oppmoda næringa å sjå mulegheitene og fronte dette i felleskap, - skape allianser og tenke nytt.
Under samlinga vart det under ei utferd synt til store områder med mykje flott skog som krev spesielle driftsløysingar. Dette er områder nær sjø som aldri vil bli tilknytta offentlege vegar. Det vart vist til at områda må registreast i pågåande hovudplanarbeid. Driftstekniske løysingar må baserast på god planlegging, ny forsking og utvikling. Kompetansen må koplast til tilsvarande områder andre stader i Kystskogbruket.
I ein reportasje i Skogeieren i 2007 uttalte skogbruksjef Steinar Pedersen i Sømna; "Vi trenger 5-6 millionar kroner i strakstiltak til skoglig infrastruktur i kommunen", - det same sa han 20 mars i år...og la til; "folk slutter å søke veibygging fordi de veit vi ikke har tilgjengelig statlig investeringskapital"
Ein hovudkonklusjon frå desse to dagane på Helgeland vart då også betydeleg sterkare satsing på infrastruktur og ynskje om tilsetjing av veg- og områdeplanleggar i fylket.
Dei to dagane på Helgeland var særdeles godt tilrettelagt av Sonja Klotz frå fylkesmannen sitt kontor i Bodø.