TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Wooden Wonder

Wooden Wonder

De Havilland Mosquito bombers var laga av sitkagran (spruce), bjørk og balsa. Som kanskje det beste allierte kampfly under den andre verdskrigen kalla britane flyet «The Wooden Wonder». Det var såleis ikkje utan grunn at sitkagran vart planta mykje i Europa, også i Noreg etter krigen. Norske forsøksfelt i sitkagran saman med dei første hogstane i dag syner eventyrlege gode resultat dersom skogen er gammal nok.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 12.12.2018

Forsøksfeltet av sitkagran i Fana (bilde) stadfestar britane sitt svar på bruk av sitkagran i Mosquito bombers (innfelt) som Wooden Wonder
Alle foto minus 2 siste: Helge Kårstad

Noko er blitt riv ruskande gale
Resultata av skogreisinga i Noreg etter krigen set stadig rekordar. Hogst, verdiskaping og sysselsetjing aukar år for år. Gran (Picea abies) var hovudtreslaget under skogreisinga, men også sitkagran (Picea sitchensis) vart planta mykje, totalt ca. 500 000 dekar eller maksimalt ein halv prosent av landarealet i dei fleste kystskogfylka.
I dag kan vi med sikkerheit seie at både produksjon og helsetilstand for plantingane av sitkagran har vore særdeles gode i Noreg, frå Agder i sør til Andøya i nord. At sitkagran også vart nytta til leplantingar av ymse slag har i ettertid skapt mykje frustrasjon, men det er ei anna sak.
Dei første hogstane av sitkagran er gjennomførte, men dei økonomiske resultata for skogeigar har vore svært varierande. Det er diverre også etablert ei generell negativ haldning til sitkagran.
Samanlikna med historisk kunnskap, internasjonal dokumentasjon og bruk av sitkagran, er norske haldningar til dette treslaget blitt heller merkelege. Ein kan få inntrykk av at noko er blitt riv ruskande gale for produksjon av sitkagran i Norge. For det er eit faktum at slik er det ikkje i andre land i Europa. Kva er grunnen til at andre land har eit meir positivt syn på sitkagran enn Noreg?. Dette ser vi nærmare på i denne artikkelen.

 
Kristine Jacobsen (NORSKOG) og Hans Nyeggen (NIBIO) i forsøksfelt nr. V0368 i Stendskogen i Fana.Ta deg ein tur dit, og du vil føle du stig inn i ein katedral. Om du ikkje likar sitkagran på førehand, kan det vere du kjem på andre tankar her. Legg merke til kor lyst, grønt og fint det blir i bestand av sitkagran når trea blir litt opp i åra.  
 

Forsøksfelt av sitkagran i Fana
Saman med Hans Nyeggen som til dagleg arbeider ved NIBIO si avdeling i Fana, besøkte vi nyleg forsøksfelt nr. V0368 i Stendskogen i Fana. Hans synte oss bestandet med sitkagran av proveniens Petersburg som vart planta som fireåringar i 1935. Jorda er god som ellers på Vestlandet. Nyttar vi bonitetstabellen for sitkagran får vi H40 = S29,8, noko som tilsvarar ca. bonitet H40 = G26 for vanleg gran på Vestlandet.
I dag er bestandet 87 år gammalt, og det står omlag 150 kubikkmeter pr. dekar. Då er det lagt til tilvekst etter siste måling i 2014. Middelhøgda har nådd ca. 40 meter og gjennomsnittleg diameter for dei vel 50 trea pr dekar er ca. 43 cm, - med andre ord godt innafor diameterkrava til salsvirke for skurtømmer.
Det er ingen planar om å hogge forsøksfeltet i Fana. Som eit eksempel vil vi likevel sjå kva verdi vi ville få om vi høgg det i dag. Vi trekkjer frå 5% for topp og svinn, dvs. ca. 8 m3 og står igjen med eit salsvolum på 142 m3 pr. dekar.

Kostnadar ved skogsdrift i forsøksfeltet
Terrenget i forsøksfeltet er eigna for hjulgåande hogstmaskin, og driftsveglengda er ca. 120 meter. Vi har fått oppgitt ein aktuell driftspris i området på 170 kr/m3. Den er kanskje noko høg, men vi vel å bruke den.
Vidare legg vi til grunn ingen trong for vegbygging i feltet. Men det må opparbeidast ein velteplass. Kostnader for velteplass og skogkulturkostnadar blir dekka av skogfond og tilskot. Inkludert målekostnadar og administrasjons-kostnadar på totalt 15 kr/m3, kan vi leggje til grunn totale kostnadar på 185 kr/m3

Jens Manger (Nortømmer) og Kristine Jacobsen (Norskog) elskar sitkagran.
Det gjeld stadig fleire håpar vi. I alle fall når dei får auga opp for kva som er løysinga; la trea få vekse til dei er gamle, gjerne 80-90 år!

Netto inntekt 34 000 kroner pr. dekar til skogeigar
Tømmerpris for sitkagran er i dag på Vestlandet inntil 450 kr pr. kubikkmeter for skurtømmer og 325 kr/m3 for massevirke. Dersom vi legg til grunn 80% skurtømmer i forsøksfeltet vil gjennomsnittleg tømmerpris bli 425 kr/m3. Driftsnetto til skogeigar blir difor 240 kr/m3 (425 – 185) eller netto 34 000 kroner pr. dekar (240 x 142) i forsøksfeltet i Fana, vel og merke før skatt. Dette er kort sagt eit unikt godt resultat i norsk skogbruk. Ofte ligg tilsvarende resultat ved hogst av vanleg gran ned mot 10 000 kr/daa eller ein tredjepart av resultatet i forsøksfeltet. Eksempelvis gir sal av skogsmark i Norge mellom 500 og 2000 kr/daa og sal av dyrka mark mellom 5 og 15 000 kr/daa.
Sagt på ein annan måte; Nettoverdien til skogeigar for produksjon av sitkagran etter ca. 90 år er ca. 34 kroner pr. kvadratmeter. Dette er minst det doble av verdien ved sal av dyrka mark i dei beste jordbruksområda i Noreg i dag. Og jorda kan ein berre selje ein gong.

Løysinga: Hogg ikkje sitkagran før alderen er 80-90 år
Forsøksfelt V0368 var 52 år gammalt i 1983, og det stod då ca. 60 kubikkmeter pr. dekar
I 2018 er feltet 87 år gammalt, og det står 150 kubikkmeter pr. dekar. Dei siste 35 åra er altså volumet pr. dekar auka 2,5 gonger. Eller sagt med andre ord: Ein aldersauke på omlag 70% etter 50 års alder, aukar volumet med 250%. I tillegg til volumauken vil også skurdelen auke med auka alder og dimensjon. Hovudgrunnen er at sitkatrea «legg på seg oppover» med alderen og utviklar ei søyleform. Sidan sitkagran kan bli både høgare og eldre enn vanleg gran, er det også slik at denne gunstige utviklinga i høgde og form blir meir synleg for sitkagran. At den etter 50 år i stadig større grad kvistreinskar seg og produserar kvistreint virke, er sjølvsagt svært interessant. Det er også dokumentert at årringbreidda ikkje aukar når trea blir gamle, og gjennomsnittleg årringbreidd blir gjerne under 3 mm. Det blir også lysare i bestandet med alderen, og ulike artar av sopp, lav, plantar, insekt og dyr vandrar inn igjen i området.
Det løner seg med andre ord stort både av omsyn til volum, kvalitet og miljø å vente med hogsten av sitkagran til alderen er minst 80 - 90 år.
Det er også her svaret ligg; Sitkagran sine unikt gode eigenskapar får vi ikkje utnytta dersom vi høgg treet for tidleg. I Noreg har vi hittil hogge alt for mange unge sitkabestand (kring 50 års alder) og resultata har følgjeleg blitt dårlege. Dersom vi utset hogsten til skogen er 80-90 år eller eldre trekkjer vi vinnarloddet!

Kva etter 90 år ?
Nokon vil spørje: Korleis går det vidare? Til det må vi svare at vi ikkje har forsøksfelt av sitkagran i Noreg som kan fortelje det. Det er likevel kjent at i Canada og Alaska er sitkagran kjent for å bli svært gammal (inntil 700 år) og svært høge (inntil 90 meter). Sjølv om dette neppe er oppnåeleg i Noreg, viser dette i alle fall at vi har svært mykje å gå på enno.
Føresett god, djup jord, vil det venteleg vere slik i Noreg at tilveksten blir tilsvarande sterk i tiåra som følgjer. Med så store verdiar i skogen bør det etablerast eit godt vegnett, skogen bør forsikrast og skogeigar bør kvart år vurdere stabiliteten i bestandet.

Ca. 70 år gammal sitkagran i Lindås. Svein Valaker fortel at i slike dalsøkk med djup, god jord trivs sitkagran svært godt. Dette bestandet har passert 100 m3 pr. dekar og trehøgda nærmar seg 40 meter. - «Det er så ein høyrer det veks i skogen»

Nylege resultat frå Lindås i Hordaland
Svein Valaker i Lindås er både bonde, skogeigar og skogsentreprenør og kjenner skognæringa på Vestlandet betre enn nokon. Han har drive som entreprenør sidan 1987 og tek i dag på seg både hogst og planting.
Nyleg hogg Valaker både vanleg gran og sitkagran hos skogeigar Tor Nesse i Lindås. Det vart hogge ca. 500 m3 sitka, derav 20% massevirke. Alder var ca. 65 år, og det stod ca. 100 kubikkmeter pr. dekar
På tilsvarande bonitet og av same alder vart det hogge ca. 1300 m3 gran, men her stod det berre halvparten så mykje pr. dekar. Netto til skogeigar før skatt for sitkagrana vart 228 kroner pr. kubikkmeter, eller berre 12 kroner mindre ein i eksemplet frå forsøksfeltet. Vi har heller ikkje her teke omsyn til skogfond fordi netto er rekna ut før skatt. Men dette bestandet var berre 65 år mot 87 år i forsøksfeltet. Det var likevel ein noko lågare driftspris enn i forsøksfeltet (kr 157 mot 170). Skogeigar Tor Nesse seier han er svært nøgd med resultatet for hogsten av sitkagrana, som tilsvarar ca. 23 000 kroner pr. dekar skogsmark. Han ynskjer difor å plante både gran og sitkagran i skogen på nytt.

Svein Valaker står her saman med skogeigar Tor Nesse (t.h) i Lindås. Nyleg hogst av 65 år gammal sitkagran har gitt Nesse eit netto utbytte på ca. 23 000 kr/da før skogfond og skatt. Investeringar i vegbygging og/- eller skogkultur vil pga. statstilskot og skogfond nærmast gå i null. Eit glimrande resultat sjølv om alderen på trea gjerne skulle vore 10-20 år meir.

The wooden wonder laga av sitkagran
De Havilland Mosquito bombers vart hovudsakleg laga av sitkagran (aircraft spruce), noko bjørk, balsa og enkelte gonger noko douglas og ask. Som kanskje det beste allierte kampflyet under den andre verdskrigen, kalla britane flyet «The Wooden Wonder». Mellom 1939 og 1945 vart det produsert 7781 Mosquito bombers i England. Flyet vart også nytta på norsk territorium under den andre verdskrigen. Det fins ei mengd internasjonal dokumentasjon kring byggematerialet «aircraft spruce», og i militær samanheng vart alle andre treslag samanlikna med sitkagran, der dei tekniske eigenskapane til sitkagran vart sett som referansetal 100. Aircraft- spruce hadde m.a. krav om maks 3 mm åringbreidde.

Lessing av sitkaplank til jernbanevogn ved Warren Spruce Company, Portland i Oregon. I dette området ofte kalla «the sitka belt» vart det hogge svært mykje sitkagran til flyindustrien både under første og andre verdskrig. Ein avgjerande ressurs for utfallet av begge krigane meiner mange. - «And yet—this Northwest woods has become a field of honor» skriv Gerald W. Williams, USDA Forest Service i eit minneskrift frå The Spruce Production Division i US Army (1918)
Foto: Privat

Ringen er slutta.
Sitkagran blir sett på som eit av verdas beste treslag føresett at treet får vekse minst 80-90 år. Treslaget har internasjonalt nærmast ei høgtideleg tilnærming fordi det var så sentralt under siste verdskrig. I desse tider pågår ein debatt om framtida til sitkagran i Norge. Det er å håpe at bruk av dette fantastiske treslaget i vår nære historie blir kjent og vektlagt. Noko anna ville vere svært uheldig. Føreset at sitka får vekse seg gammal nok, vil bruk og etterspørsel av sitkagran garantert bli ein suksess også i framtida. For dei særdeles gode virkeseigenskapane vil vere den vaksne sitkagrana sitt kjennemerke også i framtida.

Skulle du enno lure på det unike ved sitkagran, bør du sjå denne videoen: «Wooden Wonder» som tek ca. 40 minuttar; https://www.youtube.com/watch?v=qenvLhjlmz8
Skulle du enno tvile på at dette er det beste treslaget som veks langs kysten i dag, så veit ikkje eg.

De Havilland Mosquito bombers vart hovudsakleg laga av sitkagran (aircraft spruce), noko bjørk, balsa og enkelte gonger noko douglas og ask. Som kanskje det beste allierte kampflyet under den andre verdskrigen, kalla britane flyet «The Wooden Wonder»
Foto: Privat