Verdiskaping av trevirke og tilrettelegging for friluftslivet
Det går mot årsskifte. På Bontveit i Fana ved Bergen går verdiskaping av trevirke og tilrettelegging for friluftslivet hand i hand.
Denne nyheten ble publisert av: Jon Eivind Vollen Publisert dato: 22.12.2011
Effektiv planlegging av miljøtilpassa skogsbilvegar har gitt Bergen kommune svært ettertrakta turområder, som her ved Bontveit i Fana. Det er planta betydeleg med gran på 60-70 talet og siste 10 åra er det bygd mange flotte skogsvegar. Det pågår for tida hogst i området og du skal ikkje dra langt før nye store utbyggingsområder (eks Nestun og Åsane) krev mange millionar friske grankledningsbord.
Tormod Jakobsen (nr. 2 fra høgre) er skogleg Områdeplanleggar i Hordaland og har også tilrettelagt desse svært populære skogsvegløysingar i Bergen kommune over lang tid. Eit tilfeldig møte med skiløparen til venstre gav mykje ros til jobben som er gjort. I fjor besøkte kring 60 000 turgåarar dette flotte natur-og skogområdet like ved dørstokken til Bergen by, tilrettelagt på beste miljø- og skogfagleg vis.
Firma Fanagro, www.fanagro.no v/ Atle Almeland og Ove Frotvedt (nr. 1 og 3 fra høgre i bildet )har spesialisert seg på detaljplanlegging for å sikre teknisk- og miljømessig godt bygde skogsvegar for skogeigar og friluftsliv.