Viktig for både Tømmer og Kvarts
Fylkesråd Arve Knudsen i Nordland satsar 2,5 millionar kroner til fleirbrukskaia på Drag og rosar samarbeidet mellom Kystskogbruket, den private bedrifta Norwegian Crystallites og Tysfjord kommune for eit godt prosjekt. Dette er viktig både for tømmer og kvarts seier fylkesråden.
Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 06.11.2011
Statens Landbruksforvaltning (SLF) gav for ca 1 år sidan signal om at statleg medfinansiering til eit felles pilotprosjekt på den kommunale kaia på Drag i Tysfjord.
Såleis har det siste året pågått arbeid kring ei avklaing om stadval, tekniske løysingar og kalkulerte kostnader. Ei ferdig utbygd fleirbrukskai som også stettar krava til ei tømmerkai er kostnadsrekna til ca 9 millionar kroner.
Den siste dagen i oktober løyvde Nordland fylkeskommune 2,5 millionar kroner til prosjektet.
"Regional bruk av kaiene er nødvendig for å få utnyttet investeringene" uttaler fylkesråd Arne Knudsen i Nordland fylkeskommune og viser til det gode samarbeidet i denne saka.
Og torsdag 3 november i år gav SLF tilsvarende en løyving på kr 2,8 millioner kroner.
Saman med ei kommunal og privat investering fra Norwegian Crystallites er finansieringa av fleirbrukskaia på Drag no sikra.
"Dette hadde vi ikke fått til uten den store fellessatsingen i Kystskogbruket" sier fylkesskogmester i Nordland, Gjermund Pettersen.
Les om saka i avisa Nordland, side 17 her