TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Bård Hoksrud opnar ny tømmerkai i Mandal

Bård Hoksrud opnar ny tømmerkai i Mandal

Landbruks- og matminister Bård Hoksrud opnar Strømsvika Tømmerkai i Mandal 18. oktober klokka 13. Den nye tømmerkaien er 120 meter lang, og vil bli mellom dei største i Norge. Strømsvika blir også den nye storhamna for nye Lindesnes kommune, og sikrar at kring 30 daglege passeringar med tømmervogntog no kan gå utanom Mandal by. Dette er ei storhending for Mandal og Lindesnes seier ordførar Alf Erik Andersen.

Denne nyheten ble publisert av: Helge Kårstad Publisert dato: 26.09.2018

Landbruks- og matminister Bård Hoksrud opnar Strømsvika Tømmerkai i Mandal 18. oktober.
Foto; Stortinget og Olav Neset

Viktig for skogbruket og viktig for miljøet
Dagens hamn i Mandal (på Gismerøya) er den viktigaste hamna for utskiping av tømmer i Vest-Agder med eit årleg kvantum i underkant av 200 000 kubikkmeter tømmer. Denne hamna ligg sentralt i Mandal og fører til at mykje av tungtrafikken går gjennom sentrumsområder i Mandal by. Tømmeret må også kippast fram frå baklager og dette kostar skogeigaren unødige kroner.
Den nye tømmerkaien i Strømsvika er første byggjetrinn i det nye hamneområdet som med dette fjernar tungtrafikken gjennom sentrumsområder i Mandal by. Når det gjeld tømmertransport, kan vi rekne med at heile 30 daglege passeringar med vogntog no kan gå utanom byen.
Ei effektivare og større tømmerkai i Strømsvika vil også redusere terminal- og logistikkostnader for skogeigar, anslagsvis 10-20 kroner pr. kubikkmeter.

Største hamna på Sørlandet
Ordførar Alf Erik Andersen legg ikkje skjul på at dette er ei storhending både for Mandal by og nye Lindesnes kommune. Totalkostnaden for tømmerkaien vart kalkulert til 70 millionar kroner. Staten v/ Landbruksdirektoratet har løyvd ca. 28 millionar kroner og resten er eigenkapital frå kommunane Mandal, Lindesnes, Marnardal, Audnedal og Åseral.
Det var den 13. september 2012 at Mandal bystyre godkjende reguleringsplanen for Strømsvika. Det har såleis gått raskt, og ordførar Andersen er stolt over at Sørlandet si største og flottaste hamn no kan takast i bruk.

Auka hogst i Agder
Etter Landskogstakseringa sine målingar, er den årlege tilveksten i Vest-Agder ca. 800.000 m3 tømmer. Det årlege balansekvantumet eller det som årleg kan hoggast, er vurdert å vere ca. 460.000 m3 tømmer. Årlig hogst i Vest-Agder har vore aukande siste åra, og har lege i underkant av 300 000 m3 tømmer. I tillegg er det naturleg å sjå føre seg at deler av tømmeret frå tilgrensa områder lenger aust i Agder også vil bli skipa ut over den nye tømmerkaia i Strømsvika, - slik det også blir gjort i dag.

Ordførar Alf Erik Andersen (bakerst), varaordførar Ingvild Wetrhus Thorsvik og styreleiar i Tømmerkaier AS Hans Stusvik inviterte Kystskogbruket på inspeksjon til Strømsvika like etter oppstart sommaren 2017. I bakkant framkippa tømmer til eksisterande utskiping på Gismerøya.
Ordførar Andersen inviterar no til opning av ny tømmerkai i Strømsvika, Sørlandet si nye, største og flottaste hamn.  
Foto: Helge Kårstad