Skuleskogdagar
160 elevar har i år vore med på skuleskogdagar. Skuleskogdagane har vore poisitivt mottatt på skulane.
Denne nyheten ble publisert av: Jon Eivind Vollen Publisert dato: 23.09.2011
I år har 160 elevar i fylket vore med på ein skuleskogdag i regi av Fylkesmannen og Møre og Romsdal fylkeskommune. Det er i alt arrangert 8 skuleskogdagar der elevane fikk kjennskap om karbonbinding i skog og om kva rolle skogen har i klimasamanheng. Dei fekk og lære å kjenne dei ulike treslaga i skogen, korleis trea veks og om dyr, fuglar og plantar i skogsamfunnet. Elevane fekk og opplæring i skogbruk og planting av ny skog etter hogst. Opplegget har fått svært positiv respons frå skulane som har vore med.
Det er instruktør i Aktivt skogbruk, Jostein Dalen, som har hatt det faglege ansvaret, men med god hjelp frå skogbruksansvarlege i kommunen. Tilbodet til skulane er sponsa av fylkeskommunen og fylkesmannen. Skogselskapet i Møre og Romsdal har stilt med utlån av materiell og utstyr samt gratis skogplanter til elevane.