TOP
Logo Kystskogbruket

Lenker til fylkeskommunene:

Fylkesmannen
Du er her: Forside/Nyheter/Første eigenproduserte trehus på Island

Første eigenproduserte trehus på Island

Fylkesmann Lars Sponheim, fylkesskogmeister Loftur Jonsson og eit utval frå Skogselskapet i Bergen og Hordaland (SBH) møtte Islands president Olafur Ragnar Grimsson i samband med vigsla av det første islandske trehus.

Denne nyheten ble publisert av: Torgunn Sollid Publisert dato: 18.08.2011

Det var i 1880-åra Bjarni Bjarnason, ein odelsgut frå Island, drog heim frå Bergen for å ta over garden i Skorradalur. Han hadde reist til Hordaland og gått jordbruksskulen Stend i Fana. Utdanninga gjorde han ferdig, men ein ting måtte han ordne før han drog, han måtte skaffe seg driftsbygning garden han skulle drive. Island var blitt totalt avskoga denne tida og sagbruk fanst ikkje. Bjarnason fekk derfor ei norsk sag til å skjere materialar etter teikning som han tok med seg heim over Atlanteren.

Meir om denne heilt unike historia kan du lese her.